Arkivfagleg
forskings- og utviklingsarbeid har i stor grad handla om arkivfag i
snever forstand, både internasjonalt og her til lands. I dei norske
depotinstitusjonane har forskingsinnsatsen i tradisjonelt vore
innretta på å skrive administrasjonshistorie som ledd i utarbeiding
av arkivkatalogar (sjølv om det må seiast at ikkje alle
institusjonane har prioritert dette fagområdet særleg høgt). Dei
siste par tiåra har også utviklingsarbeid på arkivdanningsfeltet
blitt eit viktig satsingsområde i det norske arkivmiljøet, særleg
knytta til utvikling av NOARK-standarden for danning, metodikk
bevaring av elektroniske arkiv, arkivplanlegging o.l. Den
samfunnsmessige vendinga i arkivvitskapen, som inspirert av m.a.
Foucault og Derrida studerer
arkivet som samfunnsfenomen, har så langt fått mindre gjennomslag i
Norge. Dette er no i ferd med å endre seg.
Den
digitale teknologien og dei organisatoriske endringane den har ført
til, har styrka arkivtenesta si rolle i høve til saksbehandlinga.
Samtidig har den bidratt til å redusere skiljet mellom forvaltnings-
og depotarkiv, hevdar forfattaren av dette debattinnlegget. Vi har
dermed hamna i ein situasjon der så vel
arkivskapande organisasjonar som arkivinstitusjonar utøvar både
arkivdannings- og depotfunksjonar.
Det
ble i statsbudsjettet for 2010 etablert en tilskuddsordning for privatarkiv på
2 millioner kr som skal administreres av ABM-utvikling. Det er en positiv
begynnelse på et løft for privatarkivarbeidet! Nå har ABM-utvikling behandla 46
søknader på til sammen 12,5 millioner kr. 17 søknader er innvilga med 2,7 millioner
kr. Mange har sikkert ikke søkt fordi de har tenkt her er så lite penger at det
ikke er sjanse til å få søknaden innfridd. Det er grunn til å understreke at en
slik ordning må mangedobles for at privatarkivarbeidet skal kunne styrkes
tilstrekkelig.
Den 19. mai i år
vart Kommunearkivinstitusjonanes Digitale Ressurs Senter (KDRS)
formelt stifta som eit samvirkeforetak. Fem kommunale
institusjonar er med frå dag ein, men fleire har alt meldt frå om
at dei ynskjer å tilslutte seg f.o.m. 2011. Dei som er med frå
starten av er IKA Finnmark, IKA Kongsberg, IKA Trøndelag, Aust-Agder
kulturhistoriske senter og IKA Møre og Romsdal. Totalt femner desse
institusjonane over 156 kommunar og fylkeskommunar.